Velkomen til Haavardgarden

20140813-DSC_2813 20140813-DSC_282520121020-DSC_2041 20140813-DSC_2814

Haavardgarden ligg i Fursetgrenda i Strandadalen, omkransa av vakker og majestetisk natur. Garden er eit typisk vestlandsk småbruk med små og tungdreve bøar der drifta er i skjæringspunket mellom sjølvhushald og småskala produksjon. Gardsdrifta er i dag mest sentrert kring husdyrproduksjon i form av gamalnorsk spelsau som gir både kjøt og skinn. Vår visjon er å skape og selgje produkt og opplevingar der kretslauptankegang, miljø, natur og det ekte er i fokus. Førebels er det meste under planlegging, men nokre steg er tatt det siste året. Eit drivhus har reist seg i garden og håpet er at dette kan bli ein del av drifta i form av opplevingar, planteproduksjon og utsal.

I dag har me først og fremst sal av egg og skinn frå eigne dyr.

Top